Under
Sognefjord Lerum Cup er det særs stor pågang, og
for å gjera opphaldet mest mogeleg hyggeleg og komfortabelt
for alle, har me innført ein del spesialreglar for denne
helga. Dette er reglar som alle må forholda seg til.
Reglane under vil òg vera rettleiande i høve til
Sognefjord Lerum Cup i 2012, men me reknar med å ha oppdatering klar i januar/februar.
Bestilling
Me tek berre opp bestilling på grupper av telt, campingvogner og bubilar som er fire einingar eller fleire. Det beste vil vera om de vert einige om ein kontaktperson som me kan forholda oss til. Me tek gjerne i mot bestillingar for heile lag, men då på dei kriterium som er nemnde.
Me har aldri opplevd å måtte avvise nokon fordi campingen er full, so utgangspunkt er ikkje nødvendig med mindre de er fire eller fleire einingar som vil stå i lag.
Betaling
og prisar
Alle må betala ved ankomst, og alle må betala fram til sundagen. Me har ikkje kortterminal, så de må ha med kontantar. Denne helga brukar me spesialprisar, og for kvar eining tek me kroner 250,- per natt. Dette omfattar ei campingvogn med bil, eitt telt med bil eller ein bubil, opp til fem personar. For ei eining med straum, meir enn fem personar eller med eitt ekstra telt vert prisen kr. 300,- per natt.
Plassering
Alle som skal besøke oss denne helga må få tilvist plass same kor tidleg de kjem.
Me har mange straumuttak, men for liten reell kapasitet dersom været vert dårleg. Dette har ikkje skapt problem for oss tidlegare, då været brukar å vere fint, men me kan ikkje garantere at alle får straum, eller at det vert problemfri straumtilknyting. Me ber om forståing for dette.
Det må vera minst fire personar i vogna eller bubilen for å få setja opp fortelt. I ei gruppe kan fleire vogner gå saman om fortelt eller partytelt.
Diverse
Gjester som ikkje bur på campingplassen må parkera heilt utanfor campingområdet.
Grilling bør foregå på stranda.
Det
er ikkje tillete med fotballsparking på
campingområdet.