Vi ønskjer deg velkommen til Stedje Camping

Stedje Camping ligg ved riksveg 55, 1 kilometer frå Sogndal sentrum i retning Hella ferjekai/Vadheim. Campingplassen ligg i ein frukthage ved Sognefjorden.

Campingen

Vi har moderne sanitæranlegg og opphaldsrom med fjernsyn.  Like ved oss ligg det òg ein bensinstasjon og Rema 1000, so du skal ikkje mangla noko når du bur hjå oss.
Her er leikeplass for barn, og eige strandområde med bademogelegheiter. Vi har båtar til utleige eller du kan sjøsetja din eigen båt. Om du ikkje har med deg båten på hengar, so har me plass til deg i båthavna. Her er fint å fiska i sjøen, eller du kan kjøpa fiskekort til elv eller vatn i nærleiken.

Sogndal.

Korleis koma seg hertil?

Sogndal ligg sentralt på vestlandet. Det tek rutebussar bortimot 7 timar å kome hit frå Oslo, dersom du køyrer sjølv vil du bruka i underkant av 6 timar. Frå Bergen tek det omtrent tre og ein halv time med normal køyring, medan ein avslappande buss- eller båttur vil ta noko lengre tid. Du kan og reise med fly, me har ein kortbaneflyplass eit kort stykkje frå sentrum.

Sogndal,

ei høgst levande bygd.

Sogndal er eit studiesentrum. Høgskulen i Sogn og fjordane og ein folkehøgskule gjer til at miljøet i bygda er ungt. Det er uteplassar og restaurantar for ein kvar smak. Me har ei flott handlegate i den nedre delen av sentrum i bygda med mange trivelege butikkar, og i den øvre delen finn du eit handlesenter med alt du treng under eitt tak. Folketjuven Gjest Baardsen kjem frå bygda og målmannen Ivar Aasen besøkte oss, og ved å spasera ein tur i dei koselege gatene med trehusbebyggelse kan du finna ut meir om desse og kvar dei budde.

Kva kan du gjera i Sogndal?

Navet i Sognefjorden.

Sjølv om Sogndal er ei flott bygd, er den endå flottare som eit utgangspunkt. Om du bur her i bygda, med alle fasilitetar me har å tilby, so betyr det ikkje at du er låst fast her. Det er mykje å oppleva på alle kantar.
I sjølve Sogndal, eller få minuttar utanfor bygda er et endelause moglegheiter for fotturar til fjells. Det finst og eit tilbod om kajakkpadling på fjorden, ei oppleving du absolutt burde unna deg og dine.
Som ei utflukt kan det vera koseleg å reisa til Anestølen, ein geitesæter som byr på eit triveleg miljø og flotte opplevingar.
Set du deg i bilen, eller hoppar på ein buss, so kan du oppleva naturen på sitt mest imponerande i Jostedalsbreen. Berre eit kort stykkje frå Stedje Camping finn du brearmane i Jostedalen, på Veitastrand og i Fjærland. Du kan og vitja Breheimsenteret og Bremuseet.